Tradisjon i utvikling
Med sine 144 år er Leikanger Skyttarlag den eldste frivillige organisasjonen i Sogndal kommune. Ein skulle kanskje tru at ein slik organisasjon surrar og går sin gang, men den gang ei!
Aktivitetar for alle
Skyttarlaget i Leikanger har halde seg på tå hev gjennom heile reisa, og dei siste par åra har dei kunne bydd på store nyheiter for medlemmane og lokalbefolkninga. I 2017 sto eit nytt klubbhus på plass, og den 10. oktober i år ynskte dei velkomen til sitt splitter nye feltanlegg.
- Miljøskapinga er det viktigaste for oss.
Leiar i skyttarlaget, Olav Skarsbø, er krystallklar på kva oppdraget til Leikanger Skyttarlag er. Eit godt miljø legg til rette for eit yrande skyttarmiljø.
- Me har aktivitetar for dei yngre. Det er viktig at dei får ein arena å utfalde seg på. På same vis har me Tysdagsklubben. Her samlar pensjonistane seg kvar tysdag morgon for sosialisering og terping av skyteteknikk. Leif Bjarne Sæle er på plass med nytrekt kaffi og legg til rette for ein hyggeleg dag.
Sognenett og Leikanger skyttarlag forlenga samarbeidet sitt i år. Med fiber inn til skyttarhuset har Skarsbø og gjengen fått gode fasilitetar der folk kan samlast for å få med seg skyttarkonkurransane som går føre seg på bana.
- Det er ingen problem med nettet her. No skrur me på prosjektoren og strøymer direkte ifrå skyttarbåsane. Dermed har me, saman med Sognenett, lagt til rette for eit endå meir publikumsvenleg klubbhus.
Jakta på Sogndalsmeistaren
I ei forlenging av avtala takka Sognenett òg ja til å verte hovudsponsor til Heradsmeisterskapet. Eit samarbeid på tvers av skyttarlaga i Sogndal kommune skulle la skyttarane konkurrere mot kvarandre i jakta på Sogndals beste skyttar.
- Skyttaridretten har ein tradisjon for pokalar. Difor var me på jakt etter ein sponsor med same nedslagsfelt som me skyttarlaga i Sogndal kommune hadde. Då var det i grunn kun éin aktør å slå på tråden til: Sognenett. Det gjekk raskt ifrå me tok kontakt til pokalen var sendt til produksjon, og det viser viktigheita av eit lokalt samarbeid.
Olav Skarsbø seier at skyttarlaget skal nytta seg av lokale leverandørar so langt det let seg gjere og meiner dette gjev positive ringverknader i heile Sogn. I prosessen med nytt feltanlegg søkte dei mot lokale tenester og leveransar.
- Eg trur verksemder som Sognenett gjev oss innbyggjarane fordelar som store nasjonale aktørar ikkje maktar: Lokale verksemder som er aktive i nærmiljøet får med seg utviklinga som skjer i den frivillige idretten. Dei er lett tilgjengelege og har fingeren på pulsen i alt som skjer i Sogn. Å ha lokale samarbeidspartnarar er gull verdt for oss i skyttarlaget. Me ser at dei lokale leverandørane ikkje berre leverer tenester, dei er òg med på å bygge lokalsamfunnet ilag med oss alle.
Ildsjelane i Leikanger skyttarlag har ikkje tenkt å seie seg nøgde med arbeidet endå, og Olav kan allereie avsløre nye planar som kjem lokalbefolkninga til gode.
- No har me både tilbod for ungdomane og for pensjonistane gjennom Tysdagsklubben. På årsmøtet blei det vedteke at me skal starte opp eit tiltak for dei i alder 25-55 år også. Det vert ei trenings- og aktivitetsgruppe som vil gå føre seg på same måte som for dei andre aldersgruppene.
Me gratulerer Leikanger Skyttarlag med nytt, flott feltanlegg og ser fram til masse moro i tida framover!