Snøleik og trivselfaktor

Fotograf: Vegard Aasen

Fotograf: Vegard Aasen

Instagram-veggen lyser i kvitt av pudder, solskinn og snøføyk. Det er tydeleg at trivselfaktoren er i høgsetet, det er dei glisande andleta på bileta eit prov på.

Sogn Skisenter førebur seg nok ein gong på å kunne invitere til pudderleik på fjellet, og dei er allereie i gong med å setje stemninga. Sesongen i fjor måtte avbrytast i mars, men no er dagleg leiar Runar Tørvi og resten av gjengen klare.

-          Forventningane til årets sesong er høge, og me er ein spent gjeng no! Då det vart stengt i mars, var Noreg uvitande om kva det var for noko som hadde råka oss alle. Men no har helsemyndigheitene gått ut og sagt at hjå skisentra er smittefaren låg. Det betyr at me no er klare for ein knallsesong! So lenge me har ein god struktur på heiskøen skal dette bli veldig, veldig bra.

Noregs beste frikøyring frå heis

Skisenteret er nærmest som ein profesjonell verksemd å rekne. Difor er det ekstra artig å sjå at Heggmyradn er tukta på dugnad, kaffi og godt humør.

-          Me legg ned over 2000 dugnadstimar her. Det er mykje arbeid som skal til for at alt dette skal gå rundt. Det er mange som bryr seg om skisenteret, om tilbodet me leverer i lokalområdet vårt.

Og det gode arbeidet gjev resultat: magasinet FRIFLYT konstaterte forrige sesong at Sogn Skisenter leverer Noregs beste frikøyring frå heis.

Forventningane til årets sesong er høge!
— Runar Tørvi
Fotograf: Vegard Aasen

Fotograf: Vegard Aasen

Fotograf: Vegard Aasen

Fotograf: Vegard Aasen

Kultstaden Heggis

Utviklinga som har skjedd rundt skisenteret er imponerande. «Heggis» er vorte ein kultstad for frikøyrarar frå heile Noreg, og eit velkoment avbrekk frå kvardagen for lustringane. Dei siste åra har skisenteret invitert på kveldskøyring, som legg til rette for køyring etter jobb og studietid. Du kan rett og slett komme “som du er”.

-          Kveldskøyringa er svært populær. Her kan ein boltra seg i 2 km med lyssatte løyper, og det er spesielt godt tilrettelagt for køyring med hovudlykt. Dei kveldane det er godt med snøfall sender me ut «pudder-alarm» og då kjem folket; lykt og hjelm klar. Det er noko trolsk over det å frese nedover bakken med hovudlykt og den stille lyden av ski mot puddersnø.

Tidlegare i år vart Sognenett stolt sponsor av skisenteret. Samarbeidet strekker seg over tre år og syter for gode internettmoglegheiter hjå skisenteret.

-          Det var heilt naturleg at me søkte til Sognenett som samarbeidspartnar. Profilen deira stemmer så godt overens med kva me ynskjer å levere her: Meir fart, Meir moro! Samstundes var det eit generelt behov for internett her, både i billettluka og i varmestova. Betalingsløysingane våre er kopla til internett og det er viktig for gjestane våre at vi har et stabilt og godt internett i varmestova. Det er noko med heilheita av opphaldet som skal vere solid. Heilt frå toppen av bakken, og ned til kafeen vår.

Det høyrest ut som at Sogn Skisenter er klar for nok ein vinter med snøleik og glede. Denne gongen får Sognenett vere med på moroa!

Psst! Har du endå ikkje sikra deg kampanjepris på sesongkort hjå Sogn Skisenter? Det kan du gjere her (ekstern nettstad).

Forrige
Forrige

Sykkelanlegg på Kaupanger

Neste
Neste

Tradisjon i utvikling