Ein påkopla kveld

LAN1.jpeg

For andre gang arrangerte Ungdomsavdelinga hjå Sogndal kommune ein spelekveld for born og unge i Sogndal. I lokala på Solhov samla dei haustferierande ungane seg for ein kveld (og natt) med dataspel, bollar og kos. Kvelden er i regi av Haustmoro, ein del av ferieaktivtetstilbodet som Sogndal kommune arrangerar. Med eit stort ynskje frå dei unge om å ha LAN som ein del av tilbodet, har det no for andre år på rad vert arrangert saman med Sognenett.

 

Ungdomslos Jarle Teo Andersen var drivkrafta bak haustaktiviteten.

-          Kvelden vart ein kjempesuksess! Ungdomane holdt det gåande heile natta og storkosa seg.

-          Omkring førti ungdom frå heile kommmunen deltok på LAN’et, og det er gledeleg å sjå at det var ein god mix av jenter og gutar. I tillegg hadde me med oss fleire unge motivatorar som hjelpte til. Dette er MOT-ungdom som er gode forbilder og representerer MOT-verdien på ein veldig god måte.

Dei spør allereie om kva tid neste års LAN finn stad.
— Jarle Teo Andersen, Ungdomslos Sogndal Kommune
Sogndal kommune sin Ungdomsavdeling ynskte velkomen til haustaktivitet på Solhov

Sogndal kommune sin Ungdomsavdeling ynskte velkomen til haustaktivitet på Solhov

 

Ideen til spelekvelden vart starta opp i fjor av Sogndal kommune si ungdomsavdeling, og det skulle visa seg å vere eit populært trekk.

Medietilsynet utførte ein undersøking som viser at 86% av alle ungdomar i alder 9 – 18 år speler på PC, spelkonsoll, mobil eller nettbrett. Undersøkinga viser òg at 96% av gutane speler, og 76% av jentene.

Ungdomsavdelinga ynskte å kunne leggje til rette for speling på nett, saman. Kongstanken var at ein kunne samlast og sitje i lag medan ein spelte, framfor å sitje heime åleine på kvar sitt rom. Her ser det ut til at ungdomsavdelinga har gjort eit grep ungdomane set pris på. I Medietilsynet si undersøking seier 57% at speling er sosialt, og 70% seier det forbetrar engelskkunnskapen deira.

 
For andre år på rad får me vere med på å leggje til rette for ein strålande kveld!
— Sebastian Øyrehagen, Marknadsleiar Sognenett

I ein stadig meir påkopla verd er det artig at Sognenett fekk vere med å leggje til rette for ein kveld med Meir fart, Meir moro!

Internettlinja vart pumpa opp til 1000/1000 Mbit og dei fleste var einige i at det i alle fall ikkje var noko å sei på internettilkoplinga!

-          Internett fungerte veldig bra, i år som ifjor. Me hadde fullt køyr i tjuefire timar med speling utan noko problem med nettet. Stor takk til Sognenett for all støtte og hjelp med internettet!

Og på spørsmål om kva planen er for neste år, har Ungdomsavdelinga allereie tatt på seg tenkjehetta.

-          Ungdomane viste stor interesse for LAN og me siktar oss no inn på å kunne arrangere LAN under Haustmoro kvart år framover. Me er stadig i dialog med ungdomen om kva dei ynskjer av aktivtetar og legger opp programmet etter det. No skal me til med planlegginga av Vintermoro 2021 og skal høyre med dei unge kva dei kunne tenkje seg å finne på der òg.

Me gler oss til å få vere med til neste år att, og takk til Sogndal Ungdomsavdeling for samarbeidet denne gang!

Nettverkskonsulentane rigga opp til ei høghastigheits spel-aften og ville gjerne prøve ferdigheitane i Mario-Kart.

Nettverkskonsulentane rigga opp til ei høghastigheits spel-aften og ville gjerne prøve ferdigheitane i Mario-Kart.

LAN3.jpeg

Ynskjer du å vite meir om ungdomane sine vaner kva gjeld gaming og dataspel? Ta ein titt på Medietilsynets rapport her

Forrige
Forrige

Tradisjon i utvikling

Neste
Neste

Hyttefrå med Sognenett