Sommarprat med Madeleine
Madeleine er ho som held i trådane når det kjem til Sognenett sin kundeteneste. Alltid smilande og blid syt ho for at dykk som tek kontakt får ein så god oppleving som mogleg, og at kundetenesta held fram med utviklinga. Saman med kundekonsulentane Kristoffer og Fredrik er det desse tre som seier hei om du skulle trenge hjelp.
Kjem ifrå:
Kystperla Kalvåg, men eg har budd i Sogndal i snart sju år.
Kva er din perfekte sommar?
Nydeleg vêr med mykje grilling og bading. Dei fine sommardagane nytast best ilag med familie og venner.
Har du ein hemmeleg draum som aldri kjem til å vert oppfylt?
Ja, det trur eg alle har. Min draum er å bu nokre år i ulike land. Det hadde vore spennande å oppleve nye kulturar i heilt andre omgjevnader. Idag bur eg på gard med born, så draumen blir nok ikkje oppfylt slik ståa er idag. I allefall ikkje med det første, men eventyrlyst let seg ikkje døyva!
Kva gjer du etter jobb?
Etter jobb er det full fart med borna. Det er alt ifrå vatnkrig til gardsdrift. Så er det alltid eit mål å få tid til venner innimellom slaga, men dagane flyg som oftast avgårde i vekedagane. Det er i allefall eit teikn på at ein har det morro!
Ditt tips for eit godt internett?
Det beste tipset mitt må vere å nytte kabla nett på einingar som krev ein del av nettverket. Det kan til dømes vere TV, spelekonsollar og Get-boksen. Til tross for at trådlaust har komme langt med tanke på kvalitet, er det liten tvil om at kabla tilgang er best. Det er lett å gløyme i ein ellers trådlaus verden. Strauming og online-speling stjel ofte kvaliteta frå dei andre einingane som er i det trådlause nettverket.
Ellers har me utarbeidd ein fin “ofte-stilt-spørmål” side som eg anbefalar at ein nyttar. Her har me lagt inn gode tips og triks til ein stabil og god internettkvardag!
Med dèt tek Madeleine ein velfortent ferie men ser allereie fram til å kunne rådgi dykk att når ho er tilbake.
God sommar!