Kreative vibber med VIDDE Design
Rikke Westvig er dama som har ein fot med i spelet på det aller meste i Sogn. Den grafiske designaren har innprenta sitt artistiske preg i alt fra Aurland 29|2 (som me har snakka med her), Sognefjord Kaffibrenneri sine posar, NM Skiskyting i Vik, Flåm Port, Fjellsportfestivalen og ikkje minst SGN Skis. Sjansen er dermed høg for at du har sett arbeidet hennar i ein eller anna samanheng.
Sognenett har tatt ein prat med gründaren i VIDDE Design for eit innblikk i arbeidskvardagen i Sogndal.
Inspirasjonskjelda Sogn
- Kvardagen min er svært variert, men nokre haldepunkt må eg ha. Det er sixpencehua, presskanna, som sjølvsagt innheld Sognefjord kaffibrenneri, og skisseblokka eller det digitale teiknebrettet.
Til trass for mange oppdrag finn Rikke likevel tida til å utvikle seg sjølv vidare.
- Det hender at eg må stoppa opp iblant, rett og slett for å reflektere over kor heldig eg er som, gjennom hardt arbeid over tid, har nådd målet om å kunne ha ein svært kreativ og variert arbeidskvardag. Rundt kvart hjørne ventar det eit spennande prosjekt – mellom anna å designe skia for SGN Skis.
Og nettopp design av skia er noko Rikke er svært glad i å drive på med. Ho er sjølv aktiv både på sykkelsetet og i fjellet med terrengsko eller ski på beina.
- Det fine med SGN sine grafikkar er at dei skal prege svært leikne ski. Dei har sitt utspring i eit område med mengder av lokale historier og vakker norsk natur. Det gjer at eg kan la det indre kameraet i bakhovudet rulle og gå med tanke på skidesign – nesten heile tida.
VIDDE Design er opptatt av å kunne kombinere den lokale tilhørigheita og historia saman med sjølvopplevde inntrykk. Rikke seier det gjev eit godt grunnlag for å kunne skapa noko nytt, iaugefallande og ikkje minst, annleis.
- Det er ikkje sjeldent at eg kjem heim i frå tur med hovudet fyllt opp av inntrykk. Då skisserer eg som ein gal for å få det ned på papiret eller teiknebrettet. Deretter bearbeider eg skissene og omgjer dei til digitale konseptforslag til nye skimodellar.
Kaffi, ski og fjellsport
Etter at eit digitalt konseptforslag er laga, vert det sparring og konstruktive tilbakemeldingar med SGN sitt designteam. Resultatet er ferdige grafikkar og ski som er klare for nye eventyr. På spørsmål om ho nokon gong vert vant til å sjå eigne verk i skitrekka i Sogn, er Rikke kjapp med å svara:
- Eg vert fortsatt litt stum, litt audmjuk og litt stolt av kva SGN har oppnådd når eg set meg i skiheisen ved sida av folk som har SGN ski på beina.
Og Rikke likar å halde seg i skimijøet. Dei siste åra er det VIDDE Design som har vore meistarhjernen bak dei etterkvart svært populære plakatane til Fjellsportfestivalen. Sjølv meinar ho at gleda av å utforme plakatane skin gjennom i designet, eit konsept som traff ho midt i hjartet.
Kreativitet gjennom blyant og nett
- Serien med fjellsportplakatar vart til då dåverande fjellsportsjef, Martin Hammer, kom innom kontoret mitt og hadde ein plan. Dei ynskja å kommunisere ut hygga og trivnaden i fjellsporten og eg fekk oppdraget med å lage ein fusjon av retro og moderne design. Sjølvsagt med eit snev av humor og hygge. Ryktet seier at plakatane er å finne på stoveveggar og hytter rundt omkring. Det er superhyggeleg at dei vart sopass populære, og eg gler meg storvegs til å kunne laga ein ny plakat att!
Med ein kvardag som i stor grad består av kreativ inspirasjon, lit til eigne ferdigheiter og mykje input, er VIDDE Design heilt avhengig av eit stabilt internett.
- VIDDE Design leverer kommunikasjonstenester, difor er eg avhengig av å kunne vere på nett til einkvar tid. Dessutan gjev nettet meg moglegheit til å oppsøkje inspirasjon, samstundes som eg kan skissa digitalt for oppdragsgjevarar når dei treng meg. Via eit digitalt teiknebrett og epost kan eg dele skissar raskt, og kjapt få vurderingar i retur. Det hender òg at oppdragsgjevarane ynskjer å vise meg noko dei likar spesielt godt, eller tvert imot, noko dei ikkje vil ha. Via internett kjem me raskare til ein forståing av kva dei ynskjer seg, så det å vere på nett er strengt tatt ganske so naudsynt i mitt yrke.
Til tross for ein påkopla arbeidsdag, nokon ting gjer seg best analogt.
- Eg kjem aldri til å leggja vekk blyant og papir. Det er noko magisk over kjensla av å teikne noko nytt fra eit heilt blankt ark.
Me i Sognenett er i alle fall spent på framtida vidare for Rikke og VIDDE Design, som held fram arbeidet med å gjere Sogn endå meir sprudlande og fargerikt.
Lykke til!
Om du ynskjer å følgje reisa til VIDDE Design vidare foreslår me at du vitjar www.viddedesign.no, eller følgjer Rikke på Instagram, @viddedesign