Er du vår nye kundekonsulent?
FØRST AV ALT, DETTE ER OSS
Me er ivrige og lidenskapelege personar som brenn for å gje Sogn internettet som skal takla morgondagens behov.
Hjå oss finn du skibomsar, stisyklarar, fotballspelarar, familiefedre og -mødre, golfspelarar, quizmeistarar, bokormar, bygutar, bygdejenter og mange glade folk. Du kjem nok til å få deg ein vèn eller to!
Sognenett er eit lokalt selskap som kjempar vidare med å levere den beste kundetenesta i bransjen og me trur at så lenge ein får rom til å vere seg sjølv, vil utviklinga og suksesshistoria Sognenett halde fram.
Med 18 flinkisar i verksemda, nokon frå Sogn, andre utanfor, er me no på jakt etter entusiasme og glød som skal gje oss, og kundane, endå meir fart i tida framover!
Så, om du kjenner deg att i mantraet «Meir fart, Meir moro!» håpar me at du vil bli betre kjend med oss.
Har me ikkje skremt deg vekk endå?
So kult!
Me søkjer no etter ein kundekonsulent som skal vere vår røyst og andlet i møte med kundane. Du vil skape gode kundeopplevingar gjennom telefon, e-post, chat og ikkje minst i møte. Gjennom god rådgjevning og godt humør skal du syta for verdiskaping i lag med våre kundar. Arbeidskvardagen vert like variert som det er toppturar i Sogn, og me kan lova meistringkjensle og personleg utvikling. Hjå oss får du fridomen til å vere sjølvstendig og tenkje ut nye måtar å overgå kundens forventningar.
Ein kjem langt med iver, glede og litt kvardagsmagi.
Personen me ynskjer å knytte til laget er framfor alt engasjert og initiativrik. Her er ingen idéar dumme! Det er tross alt over ein kaffikopp dei geniale idéane vert til.
Du har ein interesse, og forståing, for tekniske løysingar – gjerne med ein teknisk utdanning i grunn, for det vert litt tekniske saker i denne lynraske internettverda.
To ting gjer oss til den verksemda me er idag. Det er kundane, og dei som jobbar her. Difor må du vere ein menneskekjenner som får energi av å prate med andre og av å rådgje våre kundar. Du går i frå jobben hoppande glad med ei god kjensle etter å ha levert ditt beste kva gjeld gode kundeopplevningar.
Me er på utkikk etter deg som vil overgå kundens forventningar, kvar dag. Det hender me må innom kundane for å sei hei. Difor er det lurt om du òg har førarkort, klasse B.
Om du ynskjer å vere ein viktig del av kundesenterutvikling, er dette plassen for deg!
Meir fart, Meir moro!
Med eit nettbruk som aukar raskt år for år er Sognenett godt etablert i ein spennande bransje, so her gjeld det å liggja i forkant!
Arbeidsmiljøet er inkluderande, og du er garantert å få minst éi latterkule for dagen. Sognenett kan aldri verte betre enn menneska som jobbar her. Difor er me opptekne av personleg utvikling – på alle plan. Sognenett er konkurransedyktige på løn, og me er sjølvutnemnte noregsmeistarar på humør. Kontora ligg mellom fjord og fjell sentralt i Sogndal. Forholda er med andre ord lagt godt til rette for ein jobbkvardag, og ein livsstil, fylt med Meir fart, Meir moro!
Stillinga er fast, 100%.
Me håpar å høyre frå deg! Send søknad med CV, vitnemål og attestar til:
jobb@sognenett.no eller Sognenett AS, Dalavegen 25, 6856 Sogndal (merk: Søknad kundekonsulent).
Søknadsfrist: 01.08.2020
Oppstart: snarast/etter avtale
Me ber òg om at du legg ved eit eksempel i frå ein super kundeoppleving du har hatt, enten som kunde eller som kundehandsamar. Me er alltid på jakt etter inspirasjon!
For nærare opplysingar om stillinga, eller berre ein prat, kontakt:
Marknadsleiar
Sebastian Øyrehagen
e: sebastian.oyrehagen@sognenett.no
t: 473 76 489