Opningstider i sommar

Sommaren er her og me håper på varme dagar, mykje bading og god stemning for våre kundar. Litt innetid blir det og mellom all uteaktiviteten og då er det viktig at alt fungerer som det skal når familie og vener samlast. Skulle du oppleve utfordringar med våre leveransar, er vårt fantastiske kundesenter klar til å hjelpe deg.

Du kan nå kundesenteret på telefon, e-post, chat og Messenger i tidsrommet måndag-fredag kl. 08-16 heile sommaren.
Skulle du oppleve å vere utan internett utanom våre normale arbeidstider, legg igjen ein beskjed på telefonsvararen vår så tek vakta kontakt med deg.
Sjekk gjerne ut vårt kundeforum for sjølvhjelp


Me ynskjer alle våre kundar ei fantastisk sommar!

Kontakt oss på:
Telefon: 9519 2222
E-post: post@sognenett.no
Heimeside/Chat: www.sognenett.no
Messenger: www.facebook.com/Sognenett

Forrige
Forrige

Gabriel reiste verda rundt og landa i Sogndal

Neste
Neste

Sognenett utmerkar seg nasjonalt innan kundeservice: - Kunden kjem alltid først