Sognenett utmerkar seg nasjonalt innan kundeservice: - Kunden kjem alltid først
- Me er stolte over at me klarar å hevda oss som me gjer, år etter år, seier Kundetenestekoordinator i Sognenett, Madeleine Larsen Barmen.
Sognenett fekk nok ein gong pallplassering då den årlege utdelinga av kundeserviceprisen nyleg gjekk av stabelen, i Oslo. Ørsmå forskjellar skilte 1. og 2. plassen for kundeservice i breibandbransjen, der ice Bredbånd stakk av med sigeren. I tillegg vert det gjort ei kåring på tvers av alle bransjar, her hamna Sognenett på ein finfin 4. plass.
Trivsel på jobb
Med andre ord eit resultat til å vere godt nøgde med for kundeservicegjengen, som stakk av med sigeren som årets kundesenter i 2021. Noko av årsaka til at Sognenett gjer det så bra i denne type kåring meiner Barmen kan speglast tilbake til stabilitet i kundetenesta og trivsel på arbeidsplassen.
- Me har eit godt arbeidsmiljø der folk har det bra på jobb. Eg trur det er noko som skin gjennom. Dessutan har me gode opplæringsrutinar og engasjerte medarbeidarar som brenn for å gjera ein best mogleg jobb for kunden.
Salskonsulent Rune Cirotzki nikkar ivrig, og legg til:
- Dersom ein er i godt humør, trur eg dette smittar over på kunden. Dialogen går stort sett veldig bra og me finn ei løysing på det meste.
Kunden får øvste prioritet
Kundekonsulent Kristoffer Midtvoll meiner at kundeservice på mange måtar kan omtalast som sjølve hjarta i bedrifta.
- Eg trur det er ein feil fleire selskap gjer, at kundeservice ikkje vert prioritert. Me er på jobb for kunden, og kunden kjem alltid først. Difor er det kjekt å sjå at me også er heilt i toppsjiktet av kundeservice, for det er der me ønskjer å vera.
Midtvoll legg til:
- Dette vert sjølvsagt mogleggjort av at me har eit robust og stabilt nett, og ikkje minst dyktige folk på teknisk side som er med på å sørgje for at me sjeldan har nedetid på nettet. Oppstår det problem, er me difor raskt på saka for å løyse utfordringane til kunden.