Gabriel reiste verda rundt og landa i Sogndal
- Eg er så glad for å vere her. Det er så mykje å lære, og eg jobbar verkeleg i ein spanande bransje, seier Gabriel Geczi.
I april byrja han i jobben som teknisk montør i Sognenett. No stortrivst både han, kona og barn i saftbygda.
Ein globetrotter
Gabriel og familien flytta til Sogndal i fjor haust. Valet om å flytte frå heimlandet Slovakia vart tatt som konsekvens av auka uro i området, då Slovakia grensar opp mot Ukraina.
- Me merka godt at situasjonen er spent der nede.
At Noreg vart destinasjonen er ikkje tilfeldig. Gabriel har reist mykje sidan 2005, budd i fleire land som India og Canada, men for han er Noreg heilt spesielt. Dei siste ti åra har han vore i fjell-landet seks av somrane, og følte seg allereie «litt norsk» før han flytta hit.
- Noreg har heile tida vore mitt andre land. Så når me bestemte oss for å flytte hit var det eit veldig enkelt val å ta. No er me veldig glade. Kona har fått god jobb, eg stortrivst og ungen vår har byrja å synge norske songar i barnehagen, flirer han.
Alt ein treng i nærområdet
Spesielt har Gabriel vorte veldig glad i Sogn og Sogndal grunna alle nærliggande moglegheiter for naturopplevingar. Hobbyane er mange, og han likar helst å vere ute for å stå på ski i fjellet eller drive med sykling eller klatring i fjellet på sommarstid.
- Men du må vel vere litt heime med familien òg?
- Absolutt, det er det viktigaste og definitivt det som tek opp mesteparten av tida. Men slik som førre dagen då ungen hadde lagt seg, så fekk eg berre ein tommel opp frå kona. Då var det berre å ta på seg hjelmen, sette seg på sykkelen og reise av garde.
- Alt er så nært og tilgjengeleg her. Det er ein av grunnane til at me stortrivst. Men så må eg også seie at eg tykkjer Sognenett er ein utruleg spanande plass å vere, så eg føler verkeleg eg har skote blink, seier han.