Hyttefrå med Sognenett

Hytta Fjellblikk har si eige Instagramkonto: Hytta_Fjellblikksogndal Fotograf: Ingeborg Flaten

Hytta Fjellblikk har si eige Instagramkonto: Hytta_Fjellblikksogndal Fotograf: Ingeborg Flaten

Full fart i hytta med Sognenett

– Det å kunne kombinera ein arbeidsdag med naturen er heilt perfekt. Her kan eg jobba ein halv dag medan eg tek meg ein tur i skogen før eg er tilbake og kan jobba vidare.

Ein av Sognenett sine nøgde kundar, er hytteeigar Arild Tistel. Ein kan våga seg til å seie at hytta hans er blant dei smartaste av dei alle i Rindabotn. For å kopla litt av frå jobben som dagleg leiar i Førde Bilberging, finn han roen på hytta i helgane med familien. Arild har, som så mange andre, sett moglegheita for å jobbe frå hytta. Med eit stabilt nett har han ingen kvaler med å ta seg nokre dagar ekstra i vakre omgjevnader.

Det å kunne kombinera ein arbeidsdag med naturen er heilt perfekt.
— Arild Tistel

Men sjølv ein smart-hytteeigar kan kjenne på at det blir litt for mykje av det smarte iblant. - Både steikeomnen og kaffimaskina kan tilkoplast nettet, men det har eg ikkje sette meg inn i enda. Eg trur eg skal klare å slå på brytarane inntil vidare, seier Arild som òg kjem med eit tips til vordande hytteeigarar i Hodlekve: - Varmen er første prioritet. Det er deilig å ha den varmen i hytta når ein kjem fram, då er det berre å fyra opp i peisen og nyta hyttetilværelsen.

Sognenett har i likheit med Arild Tistel stor tru på framtida til Hodlekve.

- Det er kjekt å sjå at så mange skiglade menneske vel å ha fritidsbustaden sin her i Hodlekve og Rindabotn. Sogndal er tent med eit yrande hytteliv og difor er det ekstra artig å kunne levera eit stabilt nett til dei nye hyttene, i tillegg til at me kan gje noko tilbake til skisenteret og hytteeigarane. Me har vorte ein del av ei særs spennande næringsutvikling, seier marknadsleiar Sebastian Øyrehagen som òg dristar seg til å lansere eit nytt begrep.

- Med fiber inn til hytta kan ein fint jobbe heimefrå og det er noko me ser at fleire benyttar seg av. Det å jobbe frå hytta har vorte meir og meir populært og då er ein avhengig av eit godt og stabilt nettverk. Å jobbe heime frå hytta er komen for å bli, eller kan me sei «Hyttefrå», lanserte me eit nytt begrep no?

Generasjonshytter har òg vorte meir populære. Borna kan leike, sjå på TV og spele spel, medan dei vaksne kosar seg med ein film eller lyttar til podcast.

- Raskt og stabilt internett skal selvfølgeleg vere eit supplement i hyttekvardagen, meiner Sebastian.

- Anten ein eig eller leiger hytte i Rindabotn må ein nyta naturen og dei vakre omgjevnadane. So er det komfortabelt å vita at etter ein dag i bakken, kan ein sette varmen klar til du kjem inn att døra.

Fotograf: Ingeborg Flaten

Fotograf: Ingeborg Flaten

Foruten å leggja til rette for gode internettopplevingar, arrangerte Sognenett, tradison tro, i mars skidag i samarbeid med Hodlekve Skisenter.

- Det er vorte ein tradisjon at me arrangerer barneskirenn og hoppkonkurranse. Det blir eit artig show og ein fin ramme rundt det heile kvart år. Det set ungane pris på. Det å bli møtt av så mange smilande ungar gjer det ekstra kjekt å kunne gje noko tilbake til lokalsamfunnet.

Ein ting er i allefall sikkert: Anten ein spenner på seg randonèskia, snowboardet eller jobbar litt hyttefrå, så kan ein vere trygg på at med fiber frå Sognenett ligg alt til rette for eit hytteliv fylt med enda meir fart og enda meir moro.

Med kontorlokale i Sogndal har Sognenett sidan 2007 stått for fiberutbygginga i Indre Sogn. Sognenett er òg ein av hovudsamarbeidspartnarane til skisenteret og er ein stor bidragsytar for at hyttefolket og andre får ein flott arena å leike seg i.

Med kontorlokale i Sogndal har Sognenett sidan 2007 stått for fiberutbygginga i Indre Sogn. Sognenett er òg ein av hovudsamarbeidspartnarane til skisenteret og er ein stor bidragsytar for at hyttefolket og andre får ein flott arena å leike seg i.

Forrige
Forrige

Ein påkopla kveld

Neste
Neste

Kreative vibber med VIDDE Design