Ustabilt trådlaust nett? Her kjem me med nokre enkle grep!

Plassèr gjerne ruter eller trådlause aksesspunkt høgt i rommet.

Plassèr gjerne ruter eller trådlause aksesspunkt høgt i rommet.

Me er alle avhengige av eit stabilt trådlaust nett, anten det er for å straume seriar, jobbe heimefrå, halde kontakta med familie eller spele spel. Her har me lista opp nokre smarte grep du kan gjere for å sikre eit stabilt og godt nett.

  1. Skru ruteren av og på att

    Iblant kan teknisk utstyr hengja seg opp. Uansett kva utstyr ein har så er det stadig overraskande kor mykje ein omstart kan fikse. Skru av ruteren, tel til 10 mens du nyt utsikta fra vindauget, og skru ruteren på att.

  2. Kva trådlaust nett er du på?

    Sognenett sine ruterar gjev deg moglegheita til å kopla deg på to trådlause nettverk. Passordet er identisk for begge to. Om du opplev eit harkete nett, sjekk om ikkje eininga di er kopla på det gamle 2.4 GHz Wi-Fi-nettverket.

    Om han er det, prøv heller å bytte til 5 GHz Wi-Fi-nettverket. Dette nettverket kan nyttast av dei fleste einingar som er nyare enn fire år. 5 GHz gjev ein høgare hastigheit enn det gamle 2.4 GHz Wi-Fi-nettverket.

    Dei nyaste ruterane våre har ein kul funksjon kalla Bandstyring. Då vert dine einingar automatisk leia til den bandbreidden som vil fungera best.

  3. Plassèr trådlause nettverkspunkter høgt i rommet

    Trådlaust nett elskar god oversikt!

    Eit trådlaust signal vert svakare og vert hindra av golv, vegger. møbler og anna objekt. Om ein plasserar Wi-Fi-punktet høgt oppe i romme, gjer ein det lettare for signala å halde seg sterke. Nytt for eksempel ein kommode, skap eller hylle som eigna stad for det trådlause punktet ditt.

    Hjå Sognenett kan du òg få tak vår Trådlause Løysing. Løysinga gjev deg eit raskt og stabilt trådlaust nett der du måtte trenge det. Les meir her.

  4. Me er her for deg

    Ta kontakt med vår kundeteneste om du måtte lure på noko. Me er her for å hjelpa deg. Du når oss på post@sognenett.no og telefon 9519 2222.

Forrige
Forrige

Er du vår nye kundekonsulent?

Neste
Neste

Viaplay i Valmenyen!