Sognenett med aksjar i Voss Kommunikasjon

Transaksjonen skjer i samband med etableringa av Sognenett IT.

Dagleg leiar Ole Petter Hatlevoll (Sognenett) og dagleg leiar Roger Hovland (Voss Kommunikasjon)

- Me ser for oss eit langt og godt samarbeid med Voss kommunikasjon. Det er eit selskap med gode ressursar som er på veg opp og fram, seier Ole Petter Hatlevoll.

Nyleg vart det kjend at Sognenett går saman med Vik IT-Partnar og Voss kommunikasjon i etableringa av Sognenett IT. No er det også klart at Sognenett kjøper 40 % av aksjane i Voss Kommunikasjon.

Hatlevoll er sikker på at oppkjøpet vil bidra til å styrke ein felles interesse av kompetanseutvikling og lokal verdiskaping i framtida.

- Me ser på det som lettare for alle partar at ein er involverte i dei forskjellige selskapa. Sognenett og våre nye samarbeidspartnarar går ein utruleg spanande tid i møte, der eit godt grunnlag for vidare vekst no er lagt, avsluttar Hatlevoll.

Forrige
Forrige

Skidag med Sognenett

Neste
Neste

Lokale aktørar går saman i etableringa av Sognenett IT