Sognenett feirar 15 år
Dagleg leiar Ole Petter Hatlevoll trur mange sogningar hadde stått utan fiber dersom dei ikkje tok opp kampen med Telenor i 2009.
- I norsk målestokk er me ikkje eit stort selskap. Men, med tanke på det me har fått til i Sogn så kjenst det stort likevel. Eg er veldig stolt over reisa me har hatt, seier Ole Petter Hatlevoll.
Sognenett kunne tysdag 4. oktober feire 15 års eksistens. Det ein gong så vesle selskapet har raskt vekse seg til, under Ole Petter si leiing.
Lustringen vart ein del av selskapet i 2008, og fekk tilbodet frå konsernsjef i Sognekraft Terje Bakke Nævdal om å gå inn som dagleg leiar året etter.
- Ole Petter verka som ein driven type som ville opp og fram, og passa difor godt til å gå inn som leiar for Sognenett med tanke på kva som var ambisjonane for selskapet på den tida. Det har i ettertid synt seg å vere ei god avgjerdsle, seier Nævdal.
Ole Petter skulle raskt få testa sin evne til å gjere verkelegheit av store ambisjonar. Same året gjekk nemleg Telenor inn med ein plan om å selje fiber til Sogndal sentrum. Sognenett, som til då var eit lite selskap med ein relativt låg kundebase, var nøydd til å snu seg rundt raskt.
- På fire dagar sette me oss i ein situasjon der me gjekk frå å ikkje ha fiber i heimen til å spekke opp produktpakkar med TV-avtalar. Me sendte ut seljarar, gjekk på stands og sikra oss mange kundar.
Telenor valde å trekkje seg ut av området etter ein månads tid, grunna alle oppseiingane av avtalar. Det meiner Ole Petter at sogningar skal vere glade for.
- Dersom me som lokalt selskap ikkje hadde fått tilslag i dei tettbygde områda ville nok dei grisgrente plassane i dag ikkje vera utbygd med fiber. Sognenett hadde heller ikkje eksistert, og arbeidsplassane, kompetansen og verdiskapinga hadde vore plassert ein heilt annan stad.
Ole Petter held fram:
- Me hadde aldri fått til dette utan all den hjelpen me har fått frå alle pionerane som driv med fiber i Sognekraft, og dei andre energiverka me er eigd av. Anten om det er folk som har sitte i Vik eller Sogndal. Den forkjærleiken for å skape meirverdi og vekst i Sogn har drive dette fram. Me set enormt pris på hjelpa me har fått undervegs.Nettopp å ha kompetansen nært meiner han har vore utslagsgjevande for den tette oppfølginga kundane får. Sognenett har ved fleire høve vunne nasjonale prisar for å vere blant dei beste i bransjen på kundeservice.
- Kundeservicen har vore viktig for oss. Men nettopp det at me kan vere så tett på gjev oss ein kjempefordel både for oss og for dei som nyttar tenestene våre.
Frå 7-800 kundar i 2009 og nokre millionar i omsetnad har selskapet vekse seg stort. Frå å vere eit selskap i kontinuerleg vekst står dei no ovanfor nye utfordringar, då store delar av kundebasen er nådd.
- Me vil framleis vekse vidare, men spørsmålet er om ein kan skape verdi ein annan stad. Og så skal me ta vare på dei me allereie har og utvikle oss vidare på den biten. Så kan det jo nemnast avslutningsvis at me har spanande ting på gang, men meir om det seinare.
Hipp hipp for dei først 15 til Sognenett!