Heidi møter deg med eit smil i skranken
22-åringen kjem rett frå studiar i Bergen.
- Eg er veldig takksam for at eg fekk denne jobben. Det å vere så tett på kundane er relevant med alt som har med marknadsføring å gjere, seier Heidi Wergeland.
22-åringen frå Ornes i Luster byrja som tilsett kundekonsulent ved Sognenett i midten av august. Førebels er det eit eittårsvikariat.
Hit vart ho henta frå Bergen, der ho tok bachelorgrad i marknadsføring, som ho leverte like før ferien.
- Då eg fekk tilbodet om jobb her så tenkte eg at dette var ein god moglegheit for meg, seier ho.
Frå skranken tek mellom anna imot kundar, svarar på mail og chattar. Den blide lustringen har førebels ikkje latt seg skremme av misfornøgde kundar og i overkant direkte sogningar som treng hastehjelp.
- Eg har jobba i butikk før og er vand med litt sinte kundar her og der. Heldigvis er dei fleste greie å ha med å gjere, det er mitt inntrykk også her.
Avdelingsleiar og leiar for marknad og forretningsutvikling Hilde Østbø seier ho er svært glad for å ha Heidi på plass.
- Ho verker å vere ein god ressurs, som ar tatt opplæringen kjapt og allereie er godt i gang med å tene kundane våre. Dessutan er ho ein blid og sprudlande person som er med å byggje eit endå sterkare felleskap hjå oss.
Sprek er ho også. På hobbybasis er det nemleg ein ting ho nemner at ho likar å gjere, framfor andre ting:
- Eg likar å trene. Ja, og å gå på fjellturar når det er fint vêr.
Me ønskjer Heidi velkommen om bord hjå oss!