Sognenett akademiet er klar til innsats: - Drøymer om siger

F.v.: Andrine (13), Guro (14), Vilja (14) og Maiken (14) er alle ein del av satsinga til Sognenett akademiet. 14. juli reiser dei for å kjempa om edelt metall i ein av verdas største aldersbestemte turneringar: Gothia Cup.

-          Me har ambisjonar om å nå så langt som mogleg, og drøymer sjølvsagt om siger, seier Vilja (14).


Saman med venninnene Maiken, Guro og Andrine reiser ho om ikkje lengje som ein del av Sognenett-akademiet for å delta på Gothia cup i Sverige. Har skal dei talentfulle 13- og 14-åringane få måla seg mot nokre av det beste aldersbestemt fotball har å by på i deira trinn.

Ambisjonane er høge, men med ein tilrettelagt treningskvardag med fokus på langsiktig talentutvikling veit dei unge jentene allereie no ein del om kva som skal til for å bli god.

Inspirasjon til å satsa

Jentene er ein del av 2010-kullet til Sognenett-akademiet. Akademiet er inne i sitt tredje år og er eit samarbeid mellom Sognenett som hovudsponsor og Sogndal FK damer. Formålet med akademiet er å gje eit supplement til treningskvardagen jentene som deltek har i sine respektive klubbar. Målet er å gje eit løft for talentutviklinga av ivrige fotballjenter, samt å styrke klubbmiljøa i regionen og sikre god ettervekst av spelarar som kan ta steget inn i toppfotballen.

-          Det er veldig gøy å moglegheit til å vera med og utvikla seg til å bli betre. Gjennom akademiet får me brynt oss på eit nivå som er enno høgare enn til vanleg, og det er viktig for utviklinga seier Guro.

Som del av akademiet får jentene betre matching og eit innblikk i ein treningskvardag som er meir tilrettelagt for spissa satsing.

Trenar Kjetil Sønnesyn fortel at det primært er det jenter 14, frå krets- eller sonelag i Sogn og Fjordane som er med, men at det er lagt noko ekstra vekt på lokal tilsnitt her i Sogn.

-          I samarbeidet med Sogndal FK Damer håpar me å kunne gje dei referansar som gjer dei ekstra motiverte, og vil inspirera til å legga inn innsatsen som trengst for å gjera noko ut av fotballen. Trenar Kjetil Sønnesyn meiner akademiet utgjer eit viktig tilbod for unge jenter i gamlefylket som ønskjer å satse. - Behovet er der, påpeiker han.

Trenar Kjetil Sønnesyn meiner akademiet utgjer eit viktig tilbod for unge jenter i gamlefylket som ønskjer å satse. - Behovet er der, påpeiker han.

-          Ser ein på gutar i 14-årsalderen så har ein nasjonale seriar med forbundet der ein får god matching, noko eg føler kan vera litt meir mangelvare for jenter i tidleg alder. Akademiet er eit forsøk på å gjera noko meir rundt dette. Den verdiskapinga Sognenett bidreg med her er uvurderleg, ikkje berre for jentene men også for Sogndal FK Damer si satsing på sikt.

Nye vennskap

Gjennom vinteren har jentene jamleg hatt samlingar. Sjølv om det er mykje fokus på god trening handlar ikkje akademiet berre om talentutvikling og toppsatsing.

-          Ein får møta nye folk og får vennskap som ein ikkje ville hatt elles. Det er også veldig kjekt, seier Vilja.

 

Talentutvikling, vennskap og samhold. Jenter frå heile Sogn og Fjordane er ein del av Sognenett-akademiet. No får dei snart verkeleg testa både kjemi – og tæl, når dei reiser til Sverige.  

14. juli tek dei fatt og legg ut på reisa til Göteborg og Gothia Cup. Med ambisjonar på plass, og ein solid treningskvardag til grunn er det vel ikkje anna for oss i Sognenett å seia enn: Lukke til! Me har ståltrua på dykk.

Stao No Pao!

Forrige
Forrige

Sognenett til topps i nasjonal kundeservicekåring 

Neste
Neste

God sommar! ☀️