På besøk for å læra av kvarandre
I førre veke fekk me besøk av Eva og Elise frå 3net. Dei tok turen til oss for å få eit innblikk i kvardagen på Sognenett sitt kundesenter. Hovudmålet med besøket var å løfte kundetenestearbeidet for begge selskapa og utveksle tankar og idéar.
Breibandselskapet 3net har base mellom Tromsø og Alta - les meir om 3net her
- Det er veldig stas at 3net tek turen til oss her i Sognenett. Då me fekk førespurnaden om besøk, sa me sjølvsagt ja til det. Sognenett har sidan 2018 gjort det svært godt i ulike kundetenesteundersøkingar, og me får jamleg spørsmål frå ulike bedrifter som er nysgjerrige på korleis me driv kundetenestearbeid, fortel Hilde Østbø, leiar marknad og forretningsutvikling.
Artikkel frå 2021: Sognenett har Noregs beste kundeservice!
- Denne type besøk har stor verdi for oss som bedrift. Det er kjekt å bli anerkjent for arbeidet som blir gjort, samstundes er det nyttig for oss å både vise fram og diskutere med andre selskap korleis ein på best mogleg måte kan drive god kundeteneste. I løpet av besøket har me hatt ein gjennomgang på generell kundeteneste, ulike salsprosessar, produkt, tekniske arbeidsoppgåver og avdelingsmål (KPI), fortel Østbø.
Takk for besøket, 3net!