Lukke til vidare, Eirik!
I dag har Eirik Stokkenes sin siste arbeidsdag hjå oss. Eirik har vore ein av Sognenett sine trufaste tekniske montørar, men søkjer til hausten nye utfordringar i Bergen.
- Det blir ein ny kvardag då eg til hausten startar på Vestland tekniske fagskule i Bergen. Eg har søkt meg inn på eit 3-årig løp som fagskuleingeniør ved linja robotteknologi og teknologi i industrien. Det blir spennande å kome til ein ny stad og møte nye folk, fortel Eirik.
Starta som utplasseringselev
Eirik starta hjå Sognenett hausten 2018, då som utplasseringselev éin gong i veka. Vidare fekk han tilbod om lærlingplass som teknisk montør hausten 2019.
- Med Eskil (N. Sundsøy) i spissen sytte gjengen på teknisk avdeling for at eg hadde to gode år som lærling i Sognenett. Ein fekk tidleg mykje ansvar og varierte arbeidsoppgåver, i tillegg er arbeidsmiljøet godt. Sognenett er den beste plassen eg kunne tenke meg å vore lærling, fortel Eirik.
- Ein la tidleg til rette for at ein skulle vere trygg med oppgåvene sine og på den måten arbeide godt sjølvstendig. Dermed gjekk overgangen frå lærling til fasttilsett gjekk utruleg bra i 2021. Eg hadde gått eit bra lærlingløp og var trygg på ansvaret eg var tildelt. I tillegg merkar ein det litt på lønnsslippen når ein går frå lærling til fasttilsett, seier Eirik med eit smil.
Oppmodar lærlingar til å ta kontakt
- Eg har trivst godt på Sognenett, med kjekke kollegaer, og eit utfordrande og utviklande arbeidsmiljø. Dette har resultert i mykje erfaring som eg tek med meg vidare i livet. Eg vil absolutt anbefale andre til å søke lærlingplass hjå Sognenett. Dersom du ynskjer utvikling og er ein sosial person er dette rette staden for deg, fortel Eirik.
Sognenett har tilbydd både elevutplassering og lærlingplass over fleire år. Det har vore ein bevisst strategi frå Sognenett si side å satse på lokale ressursar frå tidleg alder, og legge til rette for god fagleg utvikling.
- Det at Eirik no tek steget vidare og søker påfyll av fagleg kompetanse, heiar me på. Så håper me at kanskje Eirik kjem attende igjen etter nokre år vekke frå Sogndal, seier nettleiar Renate Nesse.
Ser fram til ny utfordringar
- Etter nokre år i arbeidslivet no ynskjer eg å ta meir studie. Eg ser fram til å oppleve studentlivet i Bergen og det blir spannande å sjå kva ein ny stad kan tilby. Litt ut av komfortsonen blir det nok, men det ser eg fram til.
På spørsmål om Eirik kjem attende til Saftbygda er han litt meir nølande.
- Det er nok litt tidleg å kunne svare på. Eg trur nok eg vil trivst godt i storbyen, så får ein utforske dei moglegheitene som er der både karrieremessig og sosialt. Tida vil vise kva som skjer vidare.
Men no ventar nokre veker ferie for Eirik. Han startar ferien sin med festivalen Palmesus i Kristiansand, neste festival på lista er Fresen, før han skal han på ein gutetur til Tønsberg.
- Eg gleder meg til sommarferien. Det viktigaste er å ha det kjekt, og så får vêret bli som det blir. Men eg håpar sjølvsagt på mykje sol, og skulle det bli for gale så blir det kanskje ein tur til Syden, fortel ein smilande Eirik.
Sognenett ynskjer deg masse lukke til vidare, Eirik. Stao no pao!