No kjem Netflix inn i Valmenyen!

Telia Norge og Netflix har inngått ein ny og spennande avtale som gjer at du snart kan velje straumetenesta Netflix i Valmenyen. På sikt vil fleire attraktive fordelar bli tilgjengelege for kundane.

Det er berre å glede seg til ein fleksibel TV-teneste stappfull av dine favorittar!

– Me er stolte over å kunne vidareføre vårt gode samarbeid med Netflix. Me held fram å utfordre og difor gleder me oss til å gje kundane våre moglegheita til å velje inn straumetenesta og all den herlege underhaldninga i Valmenyen om ikkje lenge, seier Pål Rune Kaalen, leiar for privatmarknaden i Telia Norge. – Me jobber også tett med Netflix i desse dager for å kunne tilby våre kundar fleire fordelar framover, så det er berre å glede seg.

Telia har sidan 2019 samarbeida med det amerikanske straumeselskapet, og over halvparten av selskapet sine TV-kunder har i dag Netflix forhandsinstallert på sin Telia box. Det betyr at kundane enkelt kan velje inn Netflix ved å bruke sine TV-poeng når straumetenesta blir ein del av Valmenyen.

Les heile pressemeldinga frå Telia Norge her.

Liten box - stort univers av underhaldning

Telia Box er stappfull av dine favorittar. Boksen har stemmestyring, innebygd Chromecast, tilgang på tusenvis av apper og støtter 4K bildeoppløysing. Med Telia Box har du enkel tilgang til heile Netflix-universet via ein knapp på fjernkontrollen og forhåndsinstallert app i boksen. Om ikkje lenge kan du velje inn Netflix via Valmenyen, som siste tilskudd i ein lang rekke straumetenester i Telia Play.

TV og strauming

Med Telia Play har du alle dine favorittar med deg på farten. Straum ditt favorittinnhald når du vil uansett kvar du er!

Forrige
Forrige

Har du fokus på sikker internettbruk?

Neste
Neste

Endringar i TV-innhaldet ditt