Har du fokus på sikker internettbruk?

Sogndal: Teknisk montør Ove Uglum og lærling i dataeletronikk Jonas Torvanger gjev tommel opp for godt nettvett.

Visste du at auka bruk av heimekontor medfører ein sikkerheitstrussel? Med nokre enkle grep kan du sikra deg mot svindlarar som vil inn i nettverket ditt.

Fleire og fleire prøver seg på nettsvindel, og metodane vert meir og meir avanserte. Som følgjer av koronautbrotet og pandemien har auken i bruk av heimekontor vore enorm, og dette har sjølvsagt kriminelle nettsvindlarar oppdaga.

Dei trygge brannmurane på arbeidsplassane er der framleis, men på heimekontoret er det for få som sikrar seg like godt. Når du jobbar frå heimekontor er du eit mål for kriminelle, og her er du ofte eit lettare byte fordi du ikkje har bygt opp same brannmuren og tryggleikstiltaka som arbeidsgjevaren din har.

Men det er mykje du kan gjera sjølv for å verna deg mot kriminelle på nettet:

  • Du bør laga nye og sterke passord for nettverket ditt.

  • Du kan sjølv enkelt syta for at dei som loggar seg på nettet ditt må gjera det gjennom to steg, såkalla totrinns-stadfesting. Korleis du gjer dette finst det mange gode og enkle råd om på nettet, sjå til dømes nettvett.no.

  • Snakk gjerne med arbeidsgjevaren din om dette med it-tryggleik og heimekontor. Mange arbeidsgjevarar har eigne rutinar og gode løysingar for arbeid frå heimekontor, og i mange tilfelle tek arbeidsgjevar kostnaden for desse ekstra tryggingstiltaka.

  • Elles kjem du langt med sunn skepsis og varsemd. Gje aldri opp personopplysningar eller kontoopplysningar til framande. Får du ein ukjend faktura som det hastar noko veldig med å betala, så må du for all del ikkje gå i den fella.

  • Til dags dato er det heller ingen som har vorte styrtrike over natta ved å opna lenkja i e-posten som påstår at du har arva mange millionar dollar berre du gjer akkurat dette, opnar lenkja. Då er sjansen for å få virus i nettverket og PC’en din langt større.

  • Får du e-postar der du vert beden om å klikka på ei lenkje du er usikker på, så lat vera til du har sjekka opp med avsendar om dette er ein ekte e-post og ei ufarleg lenkje.

Forrige
Forrige

Opningstider i jula

Neste
Neste

No kjem Netflix inn i Valmenyen!