Lerum handlar lokalt – også på internettenester

Med lidenskap og kunnskap om foredling av ekte frukt og bær har familien Lerum sidan 1907 safta og sylta i Sogn. I 2018 opna dei ein ny syltetøyfabrikk og nytt kontoranlegg, samlokalisert på fabrikkanlegget på Kaupanger. Same år, i november, fornya også Lerum og Sognenett avtalen om leveranse av internettenester. - Sognenett leverer dei tenestene me etterspør, og då er det lett å velje lokalt, seier Christoffer Arnestad, IKT-driftsansvarleg hjå Lerum.

Lerum sin policy er å handle lokalt når det let seg gjere og det ikkje går ut over kvalitet og evne til å levere gode tenester eller varer over tid. I Sognenett er me glad for at ei stor verksemd som Lerum, som må ha topp internettenester, føretrekkjer oss som leverandør.

- Me har eit veldig godt samarbeid på teknisk nivå. Me får det vi vil ha. Me stiller høge krav, og Sognenett leverer. Me brukar også Sognenett til å knyte oss til datalagringa hjå Bluefjords, fortel Christoffer Arnestad.

Som IKT-driftsansvarleg hjå Lerum kjenner han på tryggleiken det inneber med lokale leverandørar og lokal transport og lagring av datamengdene til verksemda. Skulle det vere noko, er vegen kort også til dei som står for leveransen av tenestene.

 

 

Har du prøvd oppskriftene til Lerum?

- Dette er nokon av våre favorittar!

Forrige
Forrige

Ny tilsett i Sognenett

Neste
Neste

Månadens bedrift