Månadens bedrift

Flåm AS er ein av Sognenett sine store bedriftskundar med lokasjonar i Flåm, Aurland, Gudvangen og på Myrdal stasjon. I 2017 omsette Flåmklynga for vel 450 millionar kroner, noko dei aukar betydeleg i inneverande år (2018). Flåm AS leverer og sel reiseopplevingar frå A til Å i Aurland kommune, alt frå reise, overnatting, aktivitetar, servering og minne i form av lokale produkt, souveniarar og tenester.

Geir Inge Tufte IT Manager Flåm AS

Geir Inge Tufte
IT Manager Flåm AS

 – Vi fokuserer på å vera ein god samarbeidspartner for andre aktørar som driv her også, slik som Flåm Guideservice, Vikingbyen og andre aktivitets- og reiselivsverksemder, seier Geir Inge Tufte, IT Manager i Flåm AS.

Han og dei andre i verksemda er opptekne av at gjestene deira skal oppleva kvalitet heile vegen, frå dei kjem til Flåm og Aurland til dei forlet kommunen.

- Gjestene våre er seljarane våre. Dei skal ha gode opplevingar hjå oss gjennom heile opphaldet her, seier Geir Inge. Det gjeld sjølvsagt også på kontakten med omverda, at gjestene i størst mogleg grad har tilgang til internett. Her er Flåm AS ein kravstor kunde.

- Sognenett held det dei lovar. Gjestene våre forventar god og rask internettilgang, og det får dei gjennom Sognenett sin fiber, seier Geir Inge.

Eventyret i Flåm starta med at Aurland Kommune ville redda Flåmsbana i 1997, det har dei verkeleg fått til.

Fem raske om Flåm AS

Med eit viktig miljøfokus har Flåm AS nasjonal dekning og er ein tydeleg aktør i den internasjonale marknaden.

Alle foto: Flåm AS / visitflam.com
Fotograf: Sverre Hjørnevik, Harald M. Valderhaug

Forrige
Forrige

Lerum handlar lokalt – også på internettenester

Neste
Neste

Årets julekalender