Eldre TV-boksar må bytast

Viktig informasjon

Innan sommaren 2025 skal alle TV-boksar med Evolution-programvare fasast ut og slutte å fungere etter fastsette datoar basert på programkortet til kvar boks. Kundar som er registrerte med desse boksane, vil få varsel via SMS med informasjon om datoen dei må bytte før TV-signala vert kutta.

Kva betyr dette for deg?

Dette betyr at kundar som har eldre TV-boksar med Evolution-programvare, og som ikkje byter desse innan den fastsette datoen for utfasing, vil miste tilgangen til TV-signala sine.

For å finne ut om du er råka av denne endringa, kan du skrive inn Telia kundenummeret ditt i søkefeltet på nettsida for å sjekke kva boksar du har.

Dersom du har ein av desse boksane som skal fasast ut, må du kontakte oss direkte på e-post (post@sognenett.no) eller telefon (95192222) for å avtale bytte til ein ny boks.

Boksar som skal fasast ut

  • HDI

  • HDPVR

  • TV Box Mikro

  • TV Box II

Boksane som vert bytt ut, skal ikkje leverast i retur. Dei kan kastast som EL-avfall.

Må din boks bytast?

Sjekk ut meir om dette her.

Forrige
Forrige

Redusert kundesenter fredag 15. nov

Neste
Neste

Tommel opp for vaffel og vårreingjering: - Kundeservice som me skal skryta av