Viktig informasjon

Innan sommaren 2025 skal alle TV-boksar med Evolution-programvare fasast ut og slutte å fungere etter fastsette datoar basert på programkortet til kvar boks. Kundar som er registrerte med desse boksane, vil få varsel via SMS med informasjon om datoen dei må bytte før TV-signala vert kutta.

Kva betyr dette for deg?

Dette betyr at kundar som har eldre TV-boksar med Evolution-programvare, og som ikkje byter desse innan den fastsette datoen for utfasing, vil miste tilgangen til TV-signala sine.

For å finne ut om du er råka av denne endringa, kan du skrive inn Telia kundenummeret ditt i søkefeltet på nettsida for å sjekke kva boksar du har.

Dersom du har ein av desse boksane som skal fasast ut, må du kontakte oss direkte på e-post (post@sognenett.no) eller telefon (95192222) for å avtale bytte til ein ny boks.

Boksar som skal fasast ut

  • HDI

  • HDPVR

  • TV Box Mikro

  • TV Box II

Boksane som vert bytt ut, skal ikkje leverast i retur. Dei kan kastast som EL-avfall.

Evt. Kostnad

  • Uthenting av ny boks – kr. 0,-

  • Månadssum ny boks – kr. 49,-

Både dei eldre og dei nye boksane har ein eigen månadssum som varierer avhengig av kva boks du har. Du kan sjå kva du betalar for dei boksane du har i dag ved å logge inn på Min Side hjå Telia.

TV-boks og Kundeinfo

sjekk din TElia-boks

På denne sida vil du sjå ei liste over boksane dine, med status for kvar av dei:

  • Står det "Må bytast", må boksen bytast ut.
  • Står det "Treng ikkje bytast", treng du ikkje gjere noko.

Du har moglegheit til å sjå bilete av kvar boks for å kjenne dei igjen heime, dersom du har fleire.

For å hente nye boksar, må du kome innom kontoret vårt i Dalavegen 25 innan 31.01.2025.

Opptak på den gamle boksen vil dessverre ikkje bli overført til den nye. Treng du ikkje ny boks, kan du laste ned Telia Play-appen eller sjå Telia Play på teliaplay.no.