Levera til DigDir i tre nye år

Nyleg vann Sognenett anbodet med å levera internettaksess til Digitaliseringsdirektoratet sine tre lokasjonar på Leikanger, Oslo og Brønnøysund. Dette er ein avtale som strekker seg i første omgang over tre år.

Digitaliseringsdirektoratet hadde behov for å kjøpe internettaksess frå ein leverandør til alle sine kontorlokasjoner. Digdir har ei veksande portefølje av viktige nettenester som krever høg oppetid. Desse tenestene er både interne og eksterne, men fellesnemnaren er at dei bruker‏‏‎‪‪‎‏‏‪‏‪‎‪‎‏‎‪‎‏ internett som bærar. Då er det eit strategisk mål at desse tenestene kan driftast på ein forsvarleg måte.

Dette var ei kjempekjekk nyheit å få rett før jul. Sognenett har hatt eit godt samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet gjennom dei siste tre åra, og me er svært nøgd med å ha vunne anbodet med å levere internett til dei i tre nye år, seier sal- og forretningsansvarleg Eldar Skjeldestad Åsebø.

Med leveransar til større nasjonale og regionale verksemder setter det strenge krav til Sognenett sin infrastruktur og dei tekniske løysingane.

Sognenett har i dei siste åra opparbeida seg ein solid kompetanse innan tekniske ressursar, noko som gjer at både privat- og næringskundar kan surfa på eit solid og robust nett.

 
Dette var ei kjempekjekk nyheit å få rett før jul.
— Eldar Skjeldestad Åsebø

Sognenett har satsa tøft på utbygging av solid fiberinfrastruktur gjennom fleire år, og ein ser no at dette gir positive ringverkningar i from av moglegheiter utanfor Sogn. At me kan syte for solid og stabil fiberleveranse til Digitaliseringsdirektoratet sine lokasjonar både på Leikanger, Oslo og Brønnøysund er eit synleg prov på dette.

«Digdir har hatt eit godt samarbeid med Sognenett dei siste åra og det er gledeleg at dei også denne gangen kom best ut som totalleverandør av internettlinjer til alle våre lokasjoner i Brønnøysund, Leikanger og Oslo, fortel Tommy Harjo i Digitaliseringsdirektoratet.

Sognenett har vist seg som ein fleksibel og teknologisk sterk samarbeids- og sparringspartner som har bidrege til at me som direktorat klarar å følgja anbefalingar, krav og ikkje minst våre eigne ambisjoner om å liggja heilt fremst i vår bruk av teknologi. 


SognAvis har også omtalt saka her.

Dette er Digitaliseringsdirektoratet:

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av samfunnet.

Digitaliseringsdirektoratet har Kommunal- og moderniseringsdepartementet som overordna fagdepartement. Direktoratet vart formelt oppretta 1. januar 2020 gjennom ei samanslåing av Altinn og ein del av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og avdelingar frå det tidlegare Direktoratet for forvalting og ikt (Difi).

Forrige
Forrige

Fredag 17. juni når du oss via e-post

Neste
Neste

Opningstider i jula