Vart styreleiar i Fiberforeningen: - Viktig talerøyr i åra som kjem

Ole Petter Hatlevoll, portrettbilete.

Konserndirektør for digitale tenester i Sognekraft Ole Petter Hatlevoll har vore sentral i etableringa av Fiberforeningen. Nyleg vart han valt som styreleiar i organisasjonen.

- Fiberforeningen har utvikla seg i rekordfart til å bli ein viktig nasjonal organisasjon for medlemmane og bransjen. Difor er det ekstra kjekt å bli valt som styreleiar for ei forening som vil verta eit viktig verktøy og talerøyr for bransjen i åra som kjem, seier Konserndirektør for digitale tenester i Sognekraft Ole Petter Hatlevoll.

Under årsmøtet til fiberforeningen no nyleg vart det valt nytt styre, der Ole Petter vart valt som styreleiar.

Digitalisering og utvikling

Ole Petter var sjølv med i oppstartsfasen av Fiberforeningen i 2017 og organisasjonen har raskt etablert seg som ein viktig arena for regionale aktørar i bransjen. Fiberforeningen har mellom anna bidrege til å utvikla ei meir samla og forbetra bransjestandard, og ikkje minst til å samla interesser og påverke prosessar opp mot statlege organ.

- Eg er stolt over det ein har klart å skapa i lag gjennom dette initiativet og engasjementet. Ein har spennande år føre seg i bransjen med mykje bevegelse grunna auka digitalisering, bransjekrav og stadige nye politiske og samfunnsmessige prosessar som påverkar rammevilkår og retningar. Her vil foreninga spela ei viktig rolle på vegne av medlemmar og bransjen generelt.

Ole Petter påpeiker at det er ein stor fordel for Sognenett å kunne involvera seg i eit slikt forum, utanfor huset sine fire veggar.

- Nettverk, bransjeforståing, påverknadskraft og involvering nasjonalt er viktig for å kunne halde kontroll, retning og framdrift på den vidare forretningsutviklinga innan fiber verksemda i konsernet. Når ein samlar dyktige folk i bransjen vil dette skapa rom for vidare vekst, utvikling og påverknadskraft retta mot utvikling av viktig infrastruktur både lokalt og nasjonalt.  

- Eg ser fram til mykje god læring og utvikling gjennom fiberforeningen, både for meg og mine kollegaer i framtida, avsluttar han.

Forrige
Forrige

Gaming: fiber vs. 5G

Neste
Neste

Ein god utviklingsarena