Stort oppmøte på ViteMeir
- Den siste tida har levekostnaden vorte merkbart dyrare, anten det gjeld mat, transport eller straum. Dette treff hardare for enkelte i samfunnet enn andre, og det er viktig for oss å kunne gje noko tilbake til lokalsamfunnet og spreie ekstra glede, seier marknad- og berekraftsansvarleg Miriam Høyheim Lægreid i Sognekraft.
I samarbeid med ViteMeir vart det nyleg arrangert ein «open dag» på senteret der billettar frå Sognekraft, Sygnir og Sognenett vart donert til familiar og enkeltindivid som kanskje treng det litt ekstra.
ViteMeir var også med på å donere billettar, og til saman møtte 143 opp.
- ViteMeir ønskjer å bidra til sosial berekraft, og då er det viktig at me prøver å nå ut til alle. Dette var ein dag med godt oppmøte og det er veldig kjekt når senteret fylles med engasjerte gjester, seier Heidi Breili Bøthun, som er leiar for sal og marknad på ViteMeir.
Me rettar ein stor takk til Tide Buss som stilte med gratis transport mellom Sogndal og Kaupanger, og ikkje minst takkar me for det gode oppmøtet!