Sognenett går inn som ny generalsponsor
Sogndal skisenter – Hodlekve er inne i ei rivande utvikling. Selskapet har ideel føremålsparagraf og eit evt. overskot skal gå attende til drifta av anlegget.
Skisenteret skal vere motoren i den vidare utviklinga av anlegget og dei ynskjer å utvikle seg til ein heilårsdestinasjon. Samstundes skal utviklinga deira kome folket i regionen tilgode.
Me er heilt avhengige av lokalt næringsliv for at me skal lukkast med vår drift og utvikling. Det er derfor svært gledeleg å kunne meddele at me i dag har fått endå ein ny generalsponsor med oss på laget. Frå før har Intersport Sogndal og Toyota Sogn gått inn som generalsponsorar - seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes.
Sognenett har me vore med i Sogndalsdalen og Rindabotn heilt sidan starten på utviklinga av hyttefeltet. Det er lagt ned mykje arbeid i infrastruktur slik at alle hyttene har no tilbod om å knytte seg til høghastigheitsfiber.
Samarbeidet skal gje gjensidig nytte. Sogndal Skisenter vil fronte Sognenett gjennom deira kanalar og vidareformidle vårt tilbod. Samstundes vil publikum merke dette ved at Sognenett etablerer gjestenett på utvalgte stadar i skisenteret – seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter.