Sognenett skal levere fiber til telegiganten Telia
Telia inngår fiberavtale med ATB-nett der Sognenett er ein sentral underleverandør og aksjonær. Sognenett har saman med eigarane, dei lokale e-verka, satsa stort på fiberutbygging i Sogn dei siste ti åra. Som eit resultat av denne satsinga er me i posisjon til å levere framtidsretta fiber til større leverandørar, slik som Telia. Dette vil få store synergiar lokalt.
Per i dag leverar Sognenett fiber til kommunane; Vik, Sogndal, Lærdal, Luster, Leikanger, Balestrand og Aurland. Telia vil no ha moglegheit til å få levert fiber til alle mobilmaster i Sognenett sitt dekningsområde.
Sognenett har sidan oppstarten bygd ut eit omfattande fibernett i Sogn. Me er svært stolte over at Telia ynskjer å nytte seg av vår infrastruktur. Dette er eit synleg bevis på at Sognenett har gjort mykje bra dei siste åra og kan levere med høg kvalitet, fortel Eldar Skjeldestad Åsebø, salsleiar i Sognenett.
Det etablerte fibernettet er påliteleg og har god redundans, noko som gir eit godt utgangspunkt for å levere fiber til Telia sine mobilmaster. Sognenett tilbyr Telia ei god regional løysing og forutsetningane for å levera eit framtidsretta mobilnett basert på ringstruktur og brei fiberaksess er til stades, seier Åsebø.
Topp moderne mobilnett
Telia seier i si pressemelding at avtalar med regionale fiberleverandørar står sentralt i deira arbeid for å sikre endå betre kontroll over eige nett, ikkje minst med tanke på framtida sitt behov for eit topp moderne mobilnett som dekkjer kunden sitt behov.
Vidar Lavoll, dagleg leiar i ATB-Nett er svært nøgd med avtala med Telia Norge som no er etablert;
Når lokale fibereigarar står skulder til skulder med kvarandre får me eit fibernett som passerer dalføre, når øvst på fjelltoppane og inst i fjordane. Dette gjer ATB-Nett i stand til å tilby redundante telekomtenester lokalt, men og med trygg avlevering i ‘hamnene’ Oslo og Bergen. For kunden betyr dette enda betre mobildekning i områda me representerer.
Kvalitetsstempel for Sognenett
I dag ser me meirverdien av samarbeidet vårt med ATB-nett. At Telia vel ATB-nett og Sognenett er eit kvalitetstempel for oss som selskap. Eg er særs stolt av dei resultata og synergiane ein klarer å skape lokalt gjennom Sognenett, seier dagleg leiar Ole Petter Hatlevoll.