Sognenett kåra til best på internett i Norge!

Me er stolte over å kunne dele at Sognenett har blitt kåra til testvinnar av nPerf for beste faste internett i Norge i 2024! Dette er ein teknisk prestasjon som viser kvaliteten på fiberlinjene våre og gjev ei sterk anerkjenning av arbeidet vårt med å levere raske, stabile og pålitelege internettforbindelsar til kundane våre.

Beste internettoppleving for kundane våre

nPerf si omfattande testing, som dekkjer perioden frå 1. januar til 31. desember 2024, viser at Sognenett utmerkjer seg innan fleire viktige kategoriar:

  • Beste opplastingshastigheit

  • Lågaste latency (forseinking)

  • Beste oppleving for nettlesing og strøyming

  • Best yting for både WiFi og FTTH

Dette betyr at kundane våre opplever raskare tilkoplingar, mindre forsinkelsar og betre strøymings- og nettlesingsopplevingar enn hjå konkurrentane. Med ein poengsum på 153 639 er Sognenett no rangert som ein av dei leiande aktørane innan faste internettforbindelsar i Norge.

Me konkurrerer med dei største

Det er ikkje små aktørar me har konkurrert med for å nå toppen. Sognenett har slått store nasjonale leverandørar som Altibox, GlobalConnect, Telenor og Telia i denne kåringa. Dette viser at mindre, lokalt forankra selskap som oss kan levere ein kvalitet som ikkje berre matchar, men overgår dei store aktørane.

Kva er ein nPerf-test?

nPerf-testen er ein brukarbasert måling (speedtest) der kundane sjølve testar internettforbindelsen sin gjennom nPerf-plattforma. Testen måler den faktiske leveransen kundane opplever, inkludert nedlastings- og opplastingshastigheit, latency, og kvalitet på nettlesing og strøyming. Resultata gjev difor eit presist bilete av den daglege opplevinga for kundane våre.

Kundeservice og kvalitet hand i hand

nPerf-testen viser korleis me lykkast med å levere den beste tekniske infrastrukturen, men det er ikkje berre teknologien som set oss i ein eigen klasse. I 2024 vann me også Kundeserviceprisen, takka vere dei fantastiske tilsette på kundesenteret vårt som gjer sitt beste kvar dag for å sikre at kundane våre får rask og god hjelp.

Denne kombinasjonen av topp moderne teknologi og eit engasjert, hjelpsamt kundesenter gjev oss ein sterk posisjon i marknaden. Med Sognenett får du ikkje berre ei lynrask fiberlinje, men også ei førsteklasses kundeoppleving.

Senior nettverkskonsulent Martin Venes Pettersen

«Dette resultatet er eit bevis på at vår langsiktige satsing på kvalitet og stabilitet i fibernettet vårt gjev resultat,» seier Martin Venes Pettersen, Senior nettverkskonsulent hjå Sognenett.
Han legg til: «Me har alltid hatt som mål å gje kundane våre det aller beste innan internett. Det er spesielt gledeleg å sjå at me skårar høgast på latency, noko som er avgjerande for gaming og andre tidskritiske tenester.»

Me takkar for tilliten,

Prisen frå nPerf hadde ikkje vore mogleg utan dykk – kundane våre – som inspirerer oss til å bli betre kvar dag. Me er takksame for tilliten de viser oss, og me ser fram til å halde fram med å levere dei beste tenestene både teknisk og menneskeleg i åra som kjem.

PR: Prestasjonsrate. Dette er prosentdelen, frå 0 % til 100 %, som viser prestasjonsnivået for nettlesing og videostrøyming.
Rangeringa er basert på testar utførte på nPerf.com-nettstaden og partnarsider i perioden frå 01.01.2024 til 31.12.2024.
Rangeringa er basert på talet på nPerf-poeng. Andre verdiar vert oppgjevne for informasjonsføremål.

Du kan lese heile rapporten her. https://media.nperf.com/files/publications/NO/NO-Barometre-Fixed-connections-nPerf-2024_14012025.pdf

Forrige
Forrige

Om TV-forhandlingen mellom Telia og TV 2

Neste
Neste

Familien Wolff Bolseth sitt smarte triks: Meir underhaldning for mindre pengar