Best i Norge på internett og kundeservice, takka vere våre dyktige tilsette

I 2024 kunne me som jobbar i Sognenett stolt smykke oss med titlane “Best i test på fast breiband” og “Best på Kundeservice”. Desse kåringane handlar ikkje berre om tekniske målingar, men om den faktiske opplevinga til kundane våre. Med eit stabilt og raskt nettverk, samt eit kundesenter som set kundane først, har me vist at me leverer på både kvalitet og service. Bak denne suksessen står eit engasjert lag som kvar dag jobbar for å sikre topp kvalitet på både nettverk og kundeservice.

Menneska bak suksessen

Ein av dei som bidreg til å gjere Sognenett best i klassen er Senior nettverkskonsulent Martin Venes Pettersen. Han har vore ein sentral figur i utviklinga av fibernettet vårt og meiner at satsinga på kvalitet og stabilitet gjev tydelege resultat: "Denne kåringa er eit bevis på at vår langsiktige satsing på kvalitet og stabilitet i fibernettet gjev resultat.”
Han legg til: «Me har alltid hatt som mål å gje kundane våre det aller beste innan internett. Det er spesielt gledeleg å sjå at me skårar høgast på latency, noko som er avgjerande for gaming og andre tidskritiske tenester.»

Senior nettverkskonsulent Martin Venes Pettersen.

På kundesida er det Kundetenesteansvarleg Madeleine Larsen Barmen som leier an. Ho meiner at kulturen i Sognenett er ein viktig del av suksessen: "Eg føler mykje handlar om kulturen i bedrifta vår. Me har ein arbeidsplass der dei tilsette trivst på jobb, og dette speglar seg i korleis me møter kundane våre. Når medarbeidarane har det bra, blir også kundeopplevinga betre."

Denne kulturen har bidrege til at Sognenett fleire gongar har blitt tildelt Kundeserviceprisen, eit kvalitetsstempel på arbeidet vårt innan kundeservice. I juni 2024 vart me igjen kåra til vinnar av Kundeserviceprisen i kategorien Breiband. Prisen, som blir delt ut av SeeYou i samarbeid med Confex, vurderer kundesenter i ulike bransjar over heile Noreg.

Utmerkinga er ei anerkjenning av den målretta innsatsen til dei tilsette, som kvar dag jobbar for å sikre gode opplevingar for kundane våre. Dette stadfestar at kombinasjonen av fagleg dyktigheit og eit godt arbeidsmiljø er avgjerande for å levere tenester av høg kvalitet.

Madeleine, Rune og Kristoffer er strålande nøgd med innsatsen frå heile Sognenett-gjengen.

Nettverket som gir best oppleving

Sognenett har oppnådd si topplassering ved å tilby ei internettoppleving som overgår forventningane. Kort forklart: nPerf er eit selskap som testar internettkvalitet over heile verda, og i løpet av 2024 har dei samla inn over 11 000 testar frå kundar i heile Norge. Desse testane er gjort av ekte brukarar som har målt opplevinga si i det daglege.

Sognenett fekk toppscore fordi me leverer:

·         Rask opplasting-hastigheit: Du kan sende filer lynkjapt (194 Mbps).

·         Låg ventetid: Data reiser raskt fram og tilbake (berre 6 ms), noko som gir saumlaus gaming og videosamtalar.

·         Fantastisk nettlesar- og strøymekvalitet: Nettsider lastar raskt og videoar spelar utan hakking.

I tillegg vart me kåra til den beste leverandøren for både WiFi-oppleving og fiberbasert internett (FTTH). Det betyr at me leverer raskt og stabilt internett heilt inn i huset ditt via moderne fiberoptiske kablar.

Kva betyr dette for deg som kunde?

I Sognenett prioriterer me å gje kundane våre den beste opplevinga, slik at du kan bruke nettet akkurat slik du vil – utan avbrot eller irritasjon. Enten du ser på Netflix, jobbar heimanfrå eller spelar dataspel, kan du stole på at nettet vårt er blant det beste i Norge

PR: Prestasjonsrate. Dette er prosentdelen, frå 0 % til 100 %, som viser prestasjonsnivået for nettlesing og videostrøyming.
Rangeringa er basert på testar utførte på nPerf.com-nettstaden og partnarsider i perioden frå 01.01.2024 til 31.12.2024.
Rangeringa er basert på talet på nPerf-poeng. Andre verdiar vert oppgjevne for informasjonsføremål.

Du kan lese heile rapporten her. https://media.nperf.com/files/publications/NO/NO-Barometre-Fixed-connections-nPerf-2024_14012025.pdf

Neste
Neste

TV 2 og Telia ikkje samd om ny avtale