Skidagar i mars

Sognenett-gjengen er klar for meir fart, meir moro i skitrekka i regionen vår!
Me gjentek suksessen frå tidlegare år og lagar til slalåm- og hoppkonkurranse i Sogndal Skisenter og Sogn Skisenter 8. og 9. mars.

Det vert leik og moro for born og vaksne.

Sognenett deler ut gratis heiskort til dei som kjem først i bakken, så her gjeld det å vere tidleg ute!

Program

Laurdag 8. mars: Sogndal Skisenter, Hodlekve
Søndag 9. mars: Sogn Skisenter, Heggemyrane

10:00 Skisenteret opnar
10:00 Sognenett-teltet er på plass! Me deler ut saft så langt lageret rekk.
Ca. 11:30 Barneskirenn med portkøyring. Gratis for alle born.
Ca. 12:15 Hoppkonkurranse.

Arrangementet ergratis for alle born, og det vert ein liten deltakarpremie til alle som deltek.

Me håpar å sjå dykk – det vert ein kjekk dag i sola!

Og som alltid når ein planlegg noko, så gjer me atterhald om endringar i planen.


Forrige
Forrige

Føredrag med Kjetil Jansrud

Neste
Neste

Om TV-forhandlingen mellom Telia og TV 2