Ole Petter fekk tildelt ærespris
Ein vel fortent hyllest for innsatsen i Fiberforeningen.
- Det er heilt klart kjekt å verte sett pris på. Eg vart eigentleg litt rørt, seier Ole Petter.
Nyleg vart Sognenett-sjefen tildelt ærespris for sin innsats for Fiberforeningen, under ein konferanse i Oslo, foran nærare 150 deltakarar.
Ole Petter var sjølv med å starte opp foreininga i 2017, saman med noverande styreleiar Jørn Slåtten.
Felles talerøyr
Han fortel at noko av bakgrunnen for etableringa, ved sidan nettverk-knyting, var eit ønskje om å etablere eit talerøyr for samla interesser i bransjen.
- Me såg behovet for ein foreining som tek hand om breiband og fiberleverandørar sine interesser inn mot statlege organ, politiske prosessar og så vidare, fortel Ole Petter.
Ved sidan av politisk arbeid har fiberforeningen også mellom anna utvikla ein ny type handbok for korleis ein skal byggje fiber på ein trygg og god måte.
- «Robust fiber» har vorte godt motteke. Mange i bransjen nyttar seg av dette no i bestillingar eller bygging av breiband. Me har også sett opp kurs der ein kan sertifisere seg og byggje opp mot denne handboka. No jobbar me også med ein ny mal rette mot drift og vedlikehald, fortel Ole Petter.
Gjev moglegheiter
I æresdiplomet får Ole Petter skryt for arbeidet med utviklinga av Robust fiberprosjektet, samt innsatsen han har lagt inn for foreininga generelt. Han er glad for moglegheita til å representere Sognenett i eit forum der bransjekollegaer frå resten av landet deltek.
- Arbeidet inn mot foreininga er viktig for at andre i bransjen får kjennskap til kva ein driv med i Sognenett. At me kan vere med på å dra lasset og bety noko for andre bransjekollegaer er noko som kan gje oss moglegheiter nasjonalt, og det er difor eg gjer dette. Men det er sjølvsagt kjekt å få litt positiv blest for arbeidet som har vorte lagt ned, avsluttar han.