Sognenett har Noregs beste kundeservice!

Rekk opp handa, dei som vann!

Rekk opp handa, dei som vann!

Skjermbilde-2021-04-29-kl-221519.jfif

I fjor vann me kategorien for Noregs Beste Kundeservice innan Breibandsbransja. I år er me superstolte av å melde om at Sognenett leverer Noregs Beste Kundeservice! Sognenett har tukta alle og kan i år smykke seg med å levere den beste kundetenesta på tvers av alle bransjar i heile Noreg.

-          Me held fram med å hevda oss, og dette er rett og slett toppen av kransekaka. I fjor var eg ute og tøffa meg i avisa med at å bli Noregs beste kundesenter må vere eit naturleg mål. Jaggu tok heile gjengen opp hansken og drog til med ein ordentleg innartiar, seier dagleg leiar Ole Petter Hatlevoll.

Kundetenestekoordinator, Madeleine Barmen, er òg strålande nøgd med laginnsatsen.

-          Å toppe fjoråret er heilt utruleg. Me veit at det aller vanskelegaste i ei konkurranse er å forsvare ein førsteplass. Det er den alle vil ta, og det er den alle jobbar for å oppnå. At me ikkje berre forsvarar tittelen i breibandsbransja, men går ut og sler alle dei andre bransjane i tillegg er noko av det absolutt kulaste eg har vore med på!

Det har blitt tatt konkrete grep for å kunne forbetre kundetenesta og kundeopplevinga endå meir.

-          Me har investert i tre flotte nye system som alle kjem kundane til gode. No kan me levere endå meir nøyaktig feilsøk, endå smidigare kundeteneste, og me skal gjere det endå lettare for kunden å finne relevant informasjon på heimesida vår. Det siste året har me hatt eit fokus på kompetanseoverføring frå Nett- og Teknisk-avdeling til Kundesenteret vårt. Denne prisen er eit prov på at dette har fungert, og absolutt alle i Sognenett kan klappe seg på skuldra no, fortsetter Hatlevoll.

Provet på å vere best på kundeservice kjem også godt med for Salsleiar Eldar Åsebø.

-          I fjor fekk me mange nye kundar som verkeleg såg nytta av å ha fiberen i hus, og det å forhalde seg til eit godt kundesenter. Det held fram på same vis i år. Fokuset vårt er å lytte til kundane våre, og me ynskjer å tilpassa oss forventningane deira. Me vil at alle som tek kontakt med Sognenett, skal sitja att med ein god følelse etter å ha snakka med oss. Ikkje minst, skal dei ha fått svar på det dei lurte på.

Forrige
Forrige

Endringar i TV-innhaldet ditt

Neste
Neste

- Det er grasrot, det er dugnad og det er for alle!