MK IT vert kjøpt opp av Sognenett IT : - Moro å bli ein del av denne satsinga

Dagleg leiar i Sognenett IT Tore Bø (t.v) kan nøgd konstantera at Magne Kvalsøren og MK IT no har vorte ein del av det hardtsatsande selskapet.

- Sognenett IT har på rekordtid etablert seg som ein spanande og framtidsretta IT-aktør i Sogn. Difor er det ekstra moro å no få verta ein del av denne satsinga, seier Magne Kvalsøren.

I ti år har han jobba som dagleg leiar for sitt eige IT-konsulentfirma, med lokasjon i Gaupne. No vert han ein del av Sognenett IT,  då det nyoppstarta selskapet kjøper opp MK IT AS.

Lokal tilhøyrSeL

Med det får Sognenett IT ein svært erfaren ressursperson med på laget, med over 20 års erfaring innan IT-bransjen, mellom anna frå Datapart AS, Fjordane IT og i seinare tid under sitt eige IT-selskap.

- For meg har dette med lokal nærleik og kjennskap til kunden, kombinert med god leveranse, vore ein viktig del av forretningsverksemda mi. Dette er heilt klart noko som vil verte forsterka no, som ein del av Sognenett IT, seier Magne, som legg til at det var han som først tok kontakt med Sognenett IT:

- Mykje av det gjekk på at eg ønskte å vera ein del av eit større miljø og satsing. Sognenett IT har ein forretningsmodell som samanfattar mykje av det eg har jobba mot dei siste ti åra. Difor kjenst dette riktig både for meg, og mine kundeforhold.

- Verktøykassa har vorte utvida ytterlegare. Det vil påverke kunderelasjonane positivt, samstundes som eg vil vera til stades på same måte som før, sler Magne fast.

Kontorplass i Gaupne

Dagleg leiar Tore Bø er svært nøgd med å Magne og MK IT med på laget, og gler seg til å vidareutvikla eit allereie godt etablert tenestetilbod til kundar i Luster og omegn.

- Magne har gjennom åra bygd seg opp ein lojal kundemasse og har vore ein viktig IT-aktør i sitt område. Han kjem inn med masse god erfaring, og kjem til å vera med på å løfta vårt tilbod endå nokre hakk, spesielt i Luster.

I samband med fusjonen vil Sognenett IT etablera ein ny avdeling i Gaupne sentrum. Med andre ord vil Magne halde fram mykje som før med å vera tett på lokalsamfunnet.

- Det å betene kundane ved å vere til stades som ein lokalbasert aktør var viktig for meg å kunne vidareføre til Sognenett IT. Eg kjenner bedriftene, kva behov dei har og dei kjenner meg. Slik vil det halde fram, men no med eit enda større nettverk i ryggen.  

I denne samanheng vil også Sognenett oppretta kontorplassar i Luster, for å komma endå tettare på kunden i området, og styrke samarbeidet mellom selskapa.

Konserndirektør digitale tenester i Sognekraft, Ole Petter Hatlevoll, ønskjer Magne velkomen til Sognekraft-konsernet. Han konstaterer med glede at også Sognenett er med på utviding av kontor, til Gaupne.

- Me er veldig nøgd med å oppretta og få på plass vårt IT-miljø i Luster. Dette er viktig for levande lokalmiljø, og nærleik til kundar. God og rask service ligg i ryggmargen til Sognenett og Sognenett IT. Med dette kan me opprettehalde mantraet vidare, seier konserndirektør digitale tenester i Sognekraft Ole Petter Hatlevoll.

Forrige
Forrige

Fusjonering og ny salssjef for Sognenett IT

Neste
Neste

Oppdaterte vilkår for privatkundar