Me leverer breibandsbransjens beste kundeteneste!

Kundeserviceprisen_BREDBAND_2020.png

Me er stolte av å informera om at Sognenett, i konkurranse med mellom anna Telia, Ice og Telenor har vorte kåra til Best i Test i Kundeserviceprisen 2020 i kategorien Breiband.

 -          Det er kjempestas å få stadfesta at verksemda sitt arbeid mot ei god kundeoppleving vert lagt merke til nasjonalt. For oss er alltid kunden den viktigaste, seier dagleg leiar i Sognenett, Ole Petter Hatlevoll.

Sognenett har òg tidlegare gjort det sterkt i nasjonalt samanheng, og kan skilta med ein 1. plass i 2018, 2. plass i 2019 før me no tok tilbake breibandstrona.

-          Dette syner berre at arbeidet vårt ber frukter. Me har eit stort fokus på sjølve kundeopplevinga og me skal ikkje stå tilbake for nokon, sjølv ikkje dei større aktørane. Så er det sjølvsagt eit stort kompliment at me, som tross alt er ei lokal verksemd, klarar å vinna mot dei største. Konkurransen er knallhard, og at me får vera i front, er fantastisk, seier  Ole Petter Hatlevoll.

Han understrekar at det er eit supert arbeid som vert lagt ned kvar dag av dei tilsette, både dei som jobbar med kundeteneste og nettverkskonsulentane som syter for at Sogn har eit av dei aller beste fibertilboda i landet.

-          Det som skil oss frå dei andre aktørane er at me har ei kundeteneste som er tett på kunden lokalt, seier Hatlevoll.

Om ambisjonane framover er han krystallklar.

-          No har me hevda oss i breibandsbransjen i tre år på rad. Me er alltid ute etter å forbetra oss. Då er det naturleg at me no rettar blikket mot å hevda oss på tvers av alle bransjar, i heile Noreg. Å vera Noregs beste kundesenter må jo vera eit naturleg mål.

Me gratulerer Madeleine, Kristoffer, Fredrik og Rune med super innsats!

Fakta om kåringa:

SeeYou vart etablert i 2002 og er i dag Noregs leiande verksemd innen måling av kundeoppleving i butikk og på kundesentre. Helit sidan 2007 har SeeYou i samarbeid med Confex arrangert Kundeserviceprisen. Det heile starta som eit svar på ein undersøkelse av Noregs dårlegaste kundesenter.

Forrige
Forrige

Viaplay i Valmenyen!

Neste
Neste

Sognenett: På lag med pensjonistane