I samarbeid med Get utvidar me TV-tilbodet og byr på enda meir innhald
Fleire timar enn vanleg vert brukt heime, og strauming av film, seriar og lineære nyheiter har ein valdsam auke på våre plattformar. No får våre Get-kundar fri tilgang til enda fleire kanalar.
Strauming av film og seriar på Gets plattformer har hatt ein kraftig auke den siste halvanna veka. Spesielt interessant for våre kundar er kinofilmane – dei som eigentlig skulle gått på kino i desse dagar:
– No som alle kinoane er stengd, vert moglegheita til å sjå kinofilm heime i si eiga stove veldig godt motteke hjå kundane våre, seier Pål Rune Kaalen, direktør for privatmarknaden i Telia Norge. – Kinofilmane gjer det svært bra, og den norske dokumentaren iHuman som vert gjort tilgjengeleg i Get filmleige fredag 13. mars, toppa leigefilmlista forrige veke. Denne veka ligg den framleis på topplista.
Denne helga lanserte Get ytterlegare to kinofilmar: The Invisible Man og Emma. Begge filmane går rett inn blant dei mest sette leigefilmene hjå Get. Høgt oppe på topplistene for leigefilm finner me for tida også filmen «Contagion (2011)». Filmen handlar om eit fiktivt virusutbrot og handteringa rundt dette i ettertid, ikkje så ulikt det som skjer akkurat no.
– Dette er eit veldig godt eksempel på korleis eldre filmar kan oppleve fornya popularitet under samfunnsaktuelle omstende, seier Kaalen.
Lineær TV aukar – fleire kanalar tilgjengeleg
– Me ser også at lineær TV aukar veldig, seier Kaalen. – Folk ser generelt mykje meir på TV, og det er ikkje overraskande nyheiter det går i. Nyheitene, NRK Nyheiter og Dagsrevyen toppar lista over lineær TV.
No styrker Get TV-tilbodet til kundane, med blant anna BBC World News og CNN kostnadsfritt til alle kundar. Det tror Kaalen er positivt for norske TV-sjåarar: – Med to internasjonale kanalar som vinklar nyheiter litt annleis får kundane no eit mangfaldig nyheitstilbod. Get ynskjer med det styrka TV-tilbodet å gjere kvardagen til kundane litt bedre som følgje av koronasituasjonen, seier han.
Alle Gets TV-kundar får fram til 30. april fri tilgang til 14 populære TV-kanalar innen kategoriane born, nyheiter og musikk. Blant kanalane som vert tilgjengelege kostnadsfritt finner vi ein rekkje bornekanalar fra underholdningsgiganten Disney, nyheitskanalane BBC World News og CNN, samt fleire musikkanalar fra MTV og VH-1. Kanalane vert tilgjengelege på alle Gets TV-plattformar fra 23. mars.
TV-kundane har fra før av fri tilgang til den populære TV- og straumetenesta C More fram til 27. mars, samt tilgang til ein rekkje aktuelle kinofilmar, deriblant Emma, iHuman og The Invisible Man.
Oversikt over TV-kanalar som vert tilgjengelege kostnadsfritt i perioden 23. mars til 30. april:
Bornekanaler: Disney Channel, Disney XD, Disney Junior, Nickelodeon og Nick Jr, Boomerang og Cartoon Network
Nyheiter: BBC World News og CNN
Musikk-kanalar: MTV Hits, MTV Music, MTV Live, VH-1 og VH-1 Classic