Fagprøven bestått – Jonas feira med gulrotkake

Onsdag 14. desember kunne Jonas Torvanger juble over vel bestått fagprøve.

-          Det er litt surrealistisk. Eg er svært nøgd med å ha bestått, seier han.

Halvanna år med jobbing kulminerte i tre dagar med intensiv jobbing før det til slutt vart gjeven grønt lys og tomlar opp for Jonas.

No skal sogndølen jobbe som ferdig utlært dataelektronikar og montør.

At det skulle bli slik, er det ikkje sikkert alle ville gjetta på førehand.

Fotball og elektronikk

Torvangernamnet er nemleg kjend som eit fotballnamn for mange sogningar. Søster Silje har spelt mange kampar på høgt nivå mellom anna for Kaupanger og Sandviken. Faren Atle var kaptein på Brann, og har av NRK-lesarar tidlegare vorte kåra til ein av tidenes beste midtbanespelarar for Sogndal, saman med Rune Buer Johansen.

Sjølv har Jonas vore med å vinne NM-gull for juniorlaget til Sogndal i 2018. Men fotballdraumen har etter kvart blitt meir omgjort til ein hobby. No spelar han på Fjøra FK i 4. divisjon – men berre leik og moro er det ikkje.

-          Eg er klar for ny sesong. Då skal me rykkje opp, slår han fast.

Side om side med fotballen har også interessa for data og elektronikk vore stor. Då han gjekk på vgs. høyrde han eit føredrag om Sognenett, og det skulle vise seg å fange Jonas si merksemd for alvor.

-          Det verka svært interessant det dei dreiv med.

Frå makk til somarfugl

Sognenett skulle det bli – og no med fast jobb. Då er det naturleg å feire med Jonas sin favoritt – Gulrotkake, saman med resten av gjengen på Sognenett då dei hadde si juleavslutning fredag. Blant gjengen; Martin Venes Pettersen og Ove Uglum. Dei har vore med i opplæringsfasen for Jonas, og hadde gode tilbakemeldingar å kome med.

Frå venstre: Jonas Torvanger, Ove Uglum og Martin Venes Pettersen.

-          Jonas er flink, engasjert og vil lære ting. Spør når han lure på noko og kan det som regel til neste gang, seier Ove.

Martin held fram:

-          Han har ikkje lært seg ordet nei endå då. Men, det kjem som regel rimeleg fort etter at fagprøven er på plass, flirer han med eit glimt i auge.

- De ser nesten litt stolte ut der de sit?

-          Sjølvsagt. Kva er det dei seier. Makken har endeleg vorten til ein sommarfugl, sler Martin fast.

-          Nei. Det høyrast ikkje heilt riktig ut, kontrar Jonas.

Uansett – me gratulerer så mykje med vel bestått fagprøve! 😊



Forrige
Forrige

Endring av momsreglar for TV-tenester

Neste
Neste

Me er på jobb gjennom heile jula